Kyrkja

Kyrkja vart bygd i 1975-76 og vigsla den 25.juli 1976. Bygget er teikna av arkitekt Roar L. Tollnes, Sandefjord og sett opp i alt vesentleg på dugnad.

Det er menighetene i bygdene i Tinn som eig og driv Skirva fjellkyrkje og ungdomssenter. Drifta er fortsatt avhengig av mykje dugnad, utleige er viktigaste inntektskilde.

«Skirva fjellkyrkje og ungdomssenter» består av kyrkjerom og internat. Kyrkjerommet har eit lyst og naturleg interiør med ein vakker billedvev. Her er og store lerret til film eller annan presentasjon.

I hovudetasjen finst det og ein triveleg matsal med stor peis mura i naturstein. Handikaptoalett, eit familierom(4 sengeplassar) samt to små soverom (en seng) er det og i denne etasjen.

I underetasjen finst det 5 store soverom med seks sengeplassar, eit familierom med 4 sengeplassar.
Her finst også tørkerom, eit stort hobbyrom med bordtennisbord, dusjar og toalett.

Det er sengeplassar til 47. Men det er mange ekstra madrassar ein kan bruke om det er naudsynt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *